Kristin Brovold
26. november 2015
Gjesdal kommune skal innføre Lean i fire av sine virksomheter, og skal lære av bl.a. Gilje Tre.
Denne artikkelen er hentet fra GB nett, Nettavis for Gjesdal og Figgjo, og er skrevet av Kristine M. Stensland.
Fire kommunale verksemder skal innføra den såkalla Lean-strategien
Lean er ein metode for forbetringsarbeid som har opphav i bilindustrien. I forslaget til budsjett- og økonomiplan går rådmannen inn for å legga Lean-tankegangen inn i fleire kommunale verksemder.
Bærland skule har allereie jobba med tankegangen ei god stund. Der har dei jakta på tidstjuvar sidan 2012. No skal også Bamsebo og Oltedal barnehage, NAV og Ålgård skule bli Lean-verksemder.
Investering
- Me har mykje å læra frå Gilje Tre og frå Bærland skule. Bærland skule er blitt lagd merke til landet over på grunn av fokuset dei har på forbetringskultur. Dei har fjerna tidstjuvar til beste for dei skulen er til for, seier rådmann Knut Underbakke.
Dei fire verksemdene er valde ut blant verksemder som skjølve ønskte å vera med.
- Ein må ha motivasjon for å ta verktøyet i bruk. Det er ei investering som krev tid, men som ein vil vinna på lang sikt. Ein får ikkje innfør Lean på ein dag, sier Underbakke.
Andre kommunar
Gjesdal kommune har hatt kontakt med mellom anna Molde og Vestre Toten kommune som driv Lean-arbeid i verksemdene sine.
- Det er fleire kommunar som allereie har lykkast med dette. Frå dei andre kommunane har me lært at leiinga må følgja arbeidet systematisk opp, og at det er viktig å vera tålmodig. Dessutan har me sett at det er lurt å ikkje begynna med for mange verksemder dei fyrste åra, seier Underbakke.
Kritiske spørsmål
- Dei tilsette i verksemdene som innfører Lean, vil merka at det vil bli stilt kritiske spørsmål til korleis tida blir brukt. Ein vil finna ut om det finst andre måter å gjera ting på som sparar tid, seier rådmannen.
Eit døme på dette er at ein ved bruk av lappar set opp standarder for korleis rom skal sjå ut, og kvar ting skal ligga.
Økonomisk støtte
Lean-verksemdene skal kvar får 25.000 kroner i tilskot for å få i gang arbeidet. I økonomiplanen er det lagt inn 100.000 kroner i slike tilskot kvart år fram til 2019.
- Det er viktig å gje insentiv til dei som ønskjer å utvikla tenestetilbodet til beste for innbyggjarane. Dette er ein sum verksemdene kan disponera som dei vil. Det er krevjande å driva omstillingsarbeid.
Rådmannen understrekar at Lean-tankane ikkje er meinte som innsparingstiltak.
- Men me gjer det for å gje betre tenester med dei same ressursane. Eg trur innbyggjarane vil merke fokuset på forbetringskultur, seier Underbakke.
Les mer om Gilje Tre, Årets norske Leanvirksomhet 2015, her.
Klikk for å melde deg på nyhetsbrevet.