Sunt bondevett satt i system

Tine, Geno og Nortura har sett i gang eit felles prosjekt der ein vil teste ut og tilpasse Lean metodikk og verktøy til storfehaldet.

Lean også i landbruket
Ingen er så god på sunt bondevett som bonden, og mange praktiserer Lean- tankegang utan å ha eit bevisst forhold til dette. Likevel viser det seg at her er mange gode verktøy og teknikkar som kan gjera kvardagen lettare, og gi auka effektivitet hjå den enkelte. Danske storfebønder har ei tid tatt i bruk desse verktøya og teknikkane, og får god effekt av dei.
Tine, Geno og Nortura går no i gang med eit prosjekt kalla Lean i landbruket - bedriftsleiing, systematisering og kontinuerlig forbetring. Hovudmålet er å utvikla og teste ut Lean som arbeidsmetode i storfehaldet, for å sikra auka konkurransekraft gjennom heile verdikjeda. Les mer i BONDEVENNEN NR. 28/29 her

Abonner på vårt nyhetsbrev